
Kautokeino-opprøret (2007): Lite filmatisk revolusjonerande, men Noreg sitt urfolk frå ei ny side.
I desse Tv-aksjonsdagar, med fokus på barn som lid under marinering av foreldra sine sorger, kan eit innblikk i ein tidlegare sjølvstendig og velfungerande primærkultur, som på midten av 1900-talet var redusert til ruinerande spritgjeld hjå den lokale handelsmannen og reinflokkar spreidd for alle vidder i eit landskap omringa av ei horisontlinje som har kravla så langt opp på skjermen at nedstemtheit og undertrykking berre er fornamnet, bidra i form av historisk perspektiv.
Som vi kan spå av tittelen, er vi som sjåarar gjennom heile filmen i påvente av det uunngåelege nokpunktet. Etter litt langdryge omstendelegheiter, tek flokkmentaliteten overhand, spriten fungerer som bensin på bålet og ei gruppe samar fiskar pinnane ut av drinkane og nyttar dei heller til å jakte ned fienden.
Sterke kvinneroller
At norsk-samiske regissør Nils Gaup forkynner historia gjennom ei mor som fortel til sitt barn, peiker også i retninga av korleis seinare generasjonar har blitt både øyremerka og kulturelt arra etter tumultane som fann stad i Kautokeino 8. november 1852.
Eit opnare og meir autentisk uttrykk enn det som er semska til andletet åt den kvinnelege hovudrolleinnehavaren, Anni-Kristiina Juuso, skal du leite lenge etter i det nordnorske snøkavet. Midt i ei mannsdominert og til tider svært fysisk feide som Kautokeino-opprøret anno 2007, er det utan tvil dei hardtarbeidande og veltalande samekvinnene som kjem best ut.
Aktualisering
Ettersom DVD-plata snurrar sin gang, vert det klart at også den andre halvdelen av folket er dugandes arbeidskarar, og det er spesielt all jobben og arbeidsrutinene i livet som same vi vert presentert for, framfor dei utsmykka draktene og andre kuriositetar vi lærte om på barneskulen.
Med tanke på at filmen tek utgangspunkt i historiske hendingar, kan det ikkje protesterast mykje på at handlingsforløpet er noko lite overraskande, og sjølv om enkeltskjebnane ikkje klarer å engasjere fullt ut, er dette ei filmatisering som ikkje konsentrerer seg om å bortforklare, men å aktualisere føresetnadane og konsekvensane av det som har blitt samane sin mørkaste merkedag. Dette er inga opphøging av samisk kultur, men ei viktig stadfesting av han.
Les meir om dei historiske hendingane her
Historia gjenntek seg? Les meir...