tirsdag 3. mars 2009

Tittel


I The constant gardener (2005), basert på boka med same navn, regissert av Fernando Meirelles, følgjer vi den engelske diplomaten Justin Quayles etterforsking av drapet på kona hans Tessa. Det som i utgangspunktet fortonte seg som kriminelle handlingar med utgangspunkt i utroskap, viser seg etter kvart å involvere korrupt medisinindustri si umennesklege framferd i fattige u-land. Vår helt er også hobbygartnar.

Den norske tittelen er, i tråd med boktittelen, Den evige gartner - ikkje i overkant av kryptisk, men likevel vanskeleg å tolke. Etter litt sporadisk setnigsanalyse, konkluderte eg med at dette kunne tolkast på to måtar:

1. Quayle driv med hagearbeid, og kjem ikkje til å gi seg med det første - noko som overhode ikkje stemmer overeins med historia vi får fortalt

2. Quayle er ein gartnar, og han er evig, men desse to betegnelsane relaterer ikkje til kvarande på same måte som over - noko som er lettare å lese ut av originaltittelen. Kven er vel evig?

Tek ein då utgangspunkt i det meir direkte oversette Den konstante gartnaren, og deretter dreg parallellar til forteljingar med liknande plot, er det eitt ord som dukkar opp:

Standhaftig

Vidare kan ein med andre ord drage parallellar til danske H.C. Andersens eventyr om Den standhaftige tinnsoldat - som i stor grad syner likskapar med hensyn til både tematikk og resolusjon. Tek ein ein kjemesjans og nærmast på måfå googlar The constant tin soldier, vil 35 800 treff kunne stadfeste relevansen av dine mistankar.

Så gjenstår berre litt vidare googling for å finne den danske tittelen på tilsvarande bok/film - som, ikkje overraskande nok viser seg å vere -

Den standhaftige gartner