
Utan nokon form for håp om å overaske, må det likefullt påpeikast at det bør teiknast minst tre tjukke strekar under setningar som omhandlar norske oversettingar av filmtitlar sin notorisk missvisande natur. Originaltittelen lyd i dette tilfellet «Horton Hears a Who», og det må følgjeleg informerast om at det i dette tilfellet ikkje berre er ein, men ein heil populasjon av hvemar som uvitande vert verna mot ein plutseleg framskunda dommedag.
Forestill deg ein konfrontasjon mellom kjempane og lilleputtane i Jonathan Swifts opplysningsroman frå 1726, Gullivers reiser, og du har utgangspunktet for ei historie som set både fantasien og fornufta på prøve. Forskjellen er at det i dette tilfellet ikkje er dei små grå, men ein veldig stor grå som skal få sanninga fram i lyset og ut til ei gruppe kvasidyr som utgjer innbyggjarane i eit på overflata utopisk jungelsuburbia. Sjølv om den godtruande elefanten Horton sannsynlegvis er litt meir i kontakt med sine feminine sider enn det kjenslemessig inhabile snabeldyret vi møter i Istid-filmane – forsterka av eit par overivrig gestikulerande øyrer som viftar i heller skeive retningar, er han tjukkhuda nok til å stå imot dei konservative massene, med ein retorisk satan av ei kengurumor i spissen. For kva livsform, med røter i ei etablert verd der den sterkaste ser det som sin rett å eksistere, vil vel vedgå at ein myldrande intelligent sivilisasjon kan halde til på eit lite fnugg på toppen av ein kløver?
Så kan ein vel også spørje seg sjølv kor intelligent denne sivilisasjonen, hvis eksistens Horton etter kvart får stadfesta, eigentleg kan hevde å vere – sett i skuggen av den lyserosa balkongen på borgarmeisteren sin bolig, der den geipar hensynslaust ut til folket. Borgarmeisteren for denne singulariteten av eit samfunn har fått stemme frå Steve Carell, hvis statusendring frå førti år gamal jomfru til nittusjubarnsfar på ingen måte gir uttrykk for å ha oppgradert den sosiale intelligensen, møter si utfordring i å vinne fram med sanninga om hvemane sitt nærmast ikkjeeksisterande tilvære i ei mekanisk verd, der tallause tannhjul held festen gåande og held meir trivielle uroingar enn verdas undergang under lupa. Sidan det er vanskeleg å overbevise om at framskunda mogelegheit til å lage snøenglar også er eit teikn på ein akselererande reise mot dommedag, vil både Horton og borgarmeisteren sin kamp mot den allmenne oppfatning oppsummerast tilstrekkeleg med Albert Einsteins sine ord: «Imagination is more important than knowledge»
Dette plottet har fornektande krefter i begge dimensjonar, men uansett kor standhaftig dei kjempar mot Hortons «ubehagelige sannhet», manglar samtlege i stor grad eit uttrykt motiv for sine feilaktige haldningar. Sidan det denne produksjonen opphøgar mest er protagonisten sin godvilje, kan vi kanskje tillate oss å legge til denne, og oppleve den famlande kveruleringa mellom motsetnadane som ein ikkje akkurat uheldig dult i sida til dei mange der ute som skuldar sine medmenneske for å ikkje sjå skogen for berre tre, medan vegetasjonen forvitrar rundt dei.
I det som til slutt vert eit potpurri av miljøkatastrofer, framandfrykt, familiedrama og russisk mafiaverksemd, der adaptasjonen av ei barnebok frå McCarthy-tida, som mot forfattarens vilje også har vorte nytta som argument av pro-lifeforkjemparar(!), desperat prøver å kommentere både universelle og samtidige problemstillingar, resulterer det heile i sakn etter ein meir fokusert og straumlinjeforma allegori. Det er lett å kjenne seg liten og fortapt i ein jungel av slapstick og utvaska punch lines, der dei kvalmande realistiske livsfarene alltid held seg på ei snabellengdes avstand, og gjer det lett å oversjå dei mange bodskapane som heile vegen kryssar sine spor.
Upåklageleg grafikk og eit delikat lydspor kan aldri undervurderast, men kvifor føler regissørane Jimmy Hayward og Steve Martino det nødvendig å pakke kritikk mot både deg og meg inn i glasur og sukkerspinn, når det vi får servert i stor grad handlar om det aukande behovet for sjølvinnsikt Perspektivet som kanskje er mest aktuelt i desse dagar, får vi nemleg slengt rett i fleisen i det ei aha-oppleving av ein viss skala får eit stort stykke sjokkert elefant til å gispe: «Jeg er den som holder fnugget!»
For som ein av hvemane så treffande uttalar: «Hvem er Horton?»