
At det einaste verkeleg gjennomførte med denne filmen er ei føljetong av merksemdskrevjande tekniske småfeil, er ikkje anna enn å vente i ein samlebandproduksjon som denne.
At korkje forfattar Gunnar Staalesen eller regissør Alexander Eik har sett det paradoksale i ei handling som kritiserer ei gruppe med, utan unntak, sleipe, utspekulerte og korrupte høgreradikale politikarar for å skjere alle i samfunnet over ein kam, er kanskje meir utilgiveleg.
Å leike Gud
Dersom det er no eg i ein klassisk krimroman-vert-til-film-omtale uttalar at dette likevel er grei underhaldning, så er det berre å roe ned forventningane. Dette er ikkje grei underhaldning. Dette er å leike Gud med framsida til VG, Se & Hør og diverse underutvikla kioskromanar, ved å prøve å vekkje til live ein stakkarsleg, vannskapt hybrid som har så lite å kome med at ikkje ein gong den mest politisk korrekte eleven i klassa vil kunne hevde at den har noko innhald utover kva dialekt som eigentleg snakkast i Bergen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar